Det finns nesten ein uteljeleg mengd av ulike litterære sjangrar og epokar. Ein av tendensane i perioden etter 1980, er postmodernisme. Postmodernismen trur ikkje på dei store samanhengane, og ein kan sei at ein postmodernist lev i notidsstraumen og nyt fridommen det gjev. For postmodernistane er alt lov, og leiken med språklege verkemiddel er vel so viktig som innhaldet i postmodernistisk litteratur. Sjølv om ingen tema eller former er utelukka i postmodernismen, er nokre tema som blir oftare nytta i skrivinga. Her finn ein mellom anna kunst, dekor, kropp, lyst, mord, vald, råskap og mystikk.
Postmoderne arkitektur - Robert Venturi |
Om ein spør om vi lev i ein postmodernistisk tid, vil eg vere ganske einig. I dagens samfunn er ein svært opptatt av å vere fri og dyrke einskildmennesket, på lik linje som dei postmodernistiske verdiane. Vi er blant anna svært opptatt av ytringsfridom og menneskerettar. Samtidig har samfunnet fått meir aksept for menneske som skil seg ut, at alle er unike. Skilje mellom høg- og lågkultur vil eg sei har blitt ei gråsone, der ein ikkje lenger kan på same måte som før skilje kulturane. Likevel er eg ueinig i at vi lev i ei tid der vi ikkje ser samanhengar, og der fornuft er bytta ut med irrasjonalitet.
Eit unikt og tydeleg postmodernistisk dikt er ”Solaris Korrigert” , frå diktsamlinga Solaris Korrigert. Diktet er skreven av Øyvind Rimbereid, i 2004, og diktsamlinga er vald ut som eitt av dei 25 viktigaste verka i norsk litteratur. Språket i diktet er særs spesielt, og underbyggjer science fiction stemninga som Rimbereid har vald. Forfattaren har blanda moderne norsk med gammalnorsk, norsk dialekt, samt engelsk med norsk skrivemåte og norvagismer. Sjølv om Rimberied blandar språket på denne måten får han tydeleg fram kva han meiner, og dei fleste vil forstå teksten utan store vanskar.
![]() |
Øyvind Rimbereid |
Eit eksempel er: ”… aig draumen ein simpl, silly draum. SO er den: AIG imago meg self lefa innside ein astroide vid hundre odder humans…”
Om ein skal omsetje teksten til moderne norsk vil det bli: ”Eg draumar ein enkel, dum draum. Slik er den: Eg ser for meg at eg lev på innsida av ein asteroide, med hundre andre menneske”.
Diktet blir litt tungt å lese i lengda, sjølv om ein lett kan forstå teksten, må ein bruke meir tid ein vanleg. Innhaldet forsvinn dermed litt og kjem i skugga til det leikne språket. Tematisk passar likevel språket og underbyggjer ein framtidskjensle. Diktet skil seg svært ut, mest grunna språket og korleis Rimbereid formar diktet fysisk. Det kjem også tydeleg fram at diktet er postmodernistisk. I mine auge blir diktet alt i alt litt for spesielt.