fredag 6. mai 2011

Blogging

Blogging har med åra blitt eit svært populært fenomen, samstundes har det kome fleire ulike undersjangrar og måtar å nytte bloggverktøyet. Det er kommersielle bloggar, private dagbøker og slike som denne, ein obligatorisk norskblogg.

Sjølv les eg av og til bloggar, men det er ganske tilfeldig og eg følgjer ikkje ein fast bloggar. For min del har eg eit svært godt forhold til konseptet bak blogging. Alle skal få lov til å få sei kva dei vil, alle skal få ytra seg, uansett alder og samfunnsklasse. Samstundes kan folk diskutere vidare i kommentarfeltet. Eit blogginnlegg er nemleg ikkje ferdig når skribenten har gjort sitt, det er bare starten på innlegget. For like så viktig som innlegget, er kommentarane, i alle fall om bloggaren spør eller skapar debatt.



Sjølv vil eg karakterisere meg som ein bloggar som vil noko meir med innlegga. Eg vil ikkje berre vise kva eg veit eller kva eg kan, men være ein tankevekkar, skape noko meir djupt og meiningsfullt. Dette er dog vanskelig når bloggen er obligatorisk, og når vi ikkje har valt kva vi skal skrive om. Eg som bloggperson er ein lystskribent, eg skriv når eg vil og om kva eg vil. Dermed har denne bloggen hatt ein skippertakstendens, kanskje litt uheldig for ein blogg.

Å skrive ein blogg er meir enn å trykke på ein knapp.
Det mest negative med blogging, det mest vanskelige, er å oppretthalde den. Oppdatere den jamleg. Ein kan lett få skrivesperre av å blogge ofte, eller om noko ein ikkje har mykje meiningar om. 

Det mest positive med blogg er fridommen. Ein blogg treng ikkje innehelde ord, den kan være ein bildeblogg, ein musikkblogg, ein videoblogg. Sjølvsagt er det naturleg å bruke ord, men det er ikkje nødvendig. Samstundes gjelder fridommen også innhaldet. Bloggar kan være ein satire, ein blogg om sminke, eller ein seriøs blogg om samfunnet og politikk. Ingen kjem utanfor, alle kan blogge.


Dette var alt,
Martin.