tirsdag 25. januar 2011

Frå bok til film

Utgangspunktet til mange filmar har vore litterære tekstar, slik som romanar. Denne måten å omsette medium kallast adaptasjon, og er massivt brukt i filmindustrien i dag.  

Det er fleire grunnar til at mange filmskaparar tek utgangspunktet i bøker, når dei skal lage film. Ein av dei største grunnane er kapitalistiske, mange vil utnytte populære bøker, bokseriar eller fenomen. Filmskaparar klarar ofte å omsette skrivne kommersielle suksessar til braksuksessar på filmlerretet. Nokre eksempel er bokserien om Harry Potter, samt superhelt-teikneseriane om Supermann, Batman, Spider-man og Hulken.

Andre grunnar til adaptasjon mellom litteratur og film, kan være ein tilgjengeleg historie. Når ein tek utgangspunkt i ein skriven historie, treng ein ikkje å starte med blanke ark. Dermed kan det bli mindre arbeid for filmskaparane. Ein kan anten lage ein svært direkte omskriving frå teksten til eit manus, eller ein kan bruke teksten som ein inspirasjon. Då får filmskaparane likevel mindre arbeid, for dei kan plukke ut karakterar, plott, skildringar, hendingar og tankegangar. 


Ein av dei siste filmane eg har sett som er basert på ein roman, er filmen The Social Network, som er basert på  romanen The Accidental Billionaires: The Founding of Facebook, A Tale of Sex, Money, Genius, and Betrayal. Filmen og boka handlar om det sosiale nettverket på nettet med ein halv milliard brukarar, Facebook. Eg har dessverre ikkje lest boka, som gjer at det blir svært vanskelig å forklare i kva medium verket fungerar best.  

I norsktimane har vi sett ein filmatisert versjon av romanen Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land. Det verker som den filmatiserte versjonen er svært prega av å vise skilnadene på nåtid og fortid. I filmens notid, er den unge generasjonen svært uinteressert, uengasjert og likegyldige. Men dei verker likevel ganske tilfreds med tilværet. Då filmen går tilbake i tid, ser ein mange engasjerte personar, med fundamentalistiske, ekstreme og revolusjonære tankar. Dei har politisk lidenskap, og dei vil forandra tilværet. Det verker som filmskaparane forsøker å formidle kor viktig engasjement er.

Gymnaslærer Pedersen er ein nokså god film. Sjølv om mange har vore kritiske til skodespelarane, tykkjer eg at prestasjonane deira ikkje var altfor gale. Filmens innhald er høgaktuell, spesielt med tanke på eit stagnerande engasjement innanfor politikk. Med tanke på det visuelle, lyd og skildringar er filmen godt produsert. Men eg synast historia blir fortalt på ein slitsam og tung måte. Med kryssklipping mellom notid, fortid, gamle filmsnuttar frå Kina, ulike miljø og personar, blir filmen seig, forvirrande og utan flyt. Filmen blir med andre ord kjedelig, kanskje litt ironisk med tanke på at det verker som filmen forsøker å formidle kor viktig engasjement er. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar