lørdag 22. januar 2011

Språknormering

Dette halvåret skal eg skrive bloggen min på nynorsk, som er sidemålet mitt. Eg hadde nynorsk som hovudmål på barneskulen og ungdomsskulen. Sidan kommunen min er ein såkalla ”nynorskkommune”, var eg nøydd til å skrive på dette målet da eg var mindre. Etter sju år med nynorsk, syntest eg at det var fornuftig å fortsette med dette målet på ungdomsskulen, men der tok eg feil. Eg merka at eg skreiv betre og lettare på bokmål, og at eg fekk betre karakterar på sidemålet. Då eg begynte på vidaregåande, valde eg dermed å gå over til bokmål som hovudmål og nynorsk som sidemål.




Mange elever vel hovudmål og sidemål, på grunnlag av kva som liknar mest på talemålet. Her fekk eg derimot litt problem. Min dialekt er ei god blanding sunnmørskdialekt, austlandskdialekt, strildialekt, opplandsdialekt og bergenskdialekt. Dialekten min manglar hokjønn, eg seier mellom anna ”en jente”. Samstundes miksar eg mellom nynorsk, bokmål og dialekt i setningane mine: ”Jeg såg ikkje hon”. På grunn av denne miksinga skriv eg svært konservativt bokmål og nynorsk, slik at eg kan skilje på skriftmåla. Sjølv om eg miksar orda på denne måten, liknar bokmål mest på min dialekt. Eg kan velje bort hokjønn, eg bøyar verb slik ein gjer på bokmål, og eg brukar ein god del ord på bokmål, som ein ikkje kan omsetje direkte til nynorsk. Dermed vart det eit naturleg val, å velje bokmål som hovudmål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar